image011.jpg

Bøker frå Stromgren Publishing – Noregs vestlegaste forlag

 Alle bøker er skrivne av Trond Strømgren, Batalden. For bestilling klikk her.

image003.jpg

 

FANTASTISKE FLORØ

 

 

Praktboka FANTASTISKE FLORØ er laga som ein hyllest til byen som vart 150 år i 2010. La deg gripe av store foto og korte tekstar, uventa historier og lokale heltar. Her finn du stor spennvidde og mykje spanande stoff, frå gamle dagar til moderne tid, om barn og vaksne, frå teknikk til natur. Boka er laga for å gje deg ei god oppleving.

 

Boka finst også i engelsk utgåve med tittelen FABULOUS FLORØ.

250 foto i svart/kvitt og fargar, nynorsk tekst, 164 sider, bokformat 24x30 cm. Utgjeve 2010.

Utsalspris kr. 350,-.     

 

 

image004.jpg

 

FABULOUS FLORØ

 

 

Same innhald som boka over, men med engelsk tekst. Utsalspris kr. 350,-.

 

 

image006.jpg

 

KULTUR, SAMFUNNSLIV OG VERDSKRIGANE

Bind 3 av Vestnorsk kystkultur - øysamfunnet Batalden

 

Les den gripande beretninga om Karstensen-familien i Batalden. Med sju born i huset skjulte dei i lengre tid etterretningsagentar på loftet og flyktande motstandsfolk under kjøkkengolvet. Til slutt måtte dei sjølv rømme til England under dramatiske omstende.

 

Les også om brønnbåtane som smugla motstandsfolk frå Bergen, illegale radiostasjonar, angrep på Florø, flystyrt, arrestasjonar og mykje meir.

 

Første del av boka gjev lesaren innsyn i det allsidige kultur- og samfunnslivet i øygruppa Batalden.

 

Over 200 foto, nynorsk tekst, 176 sider, bokformat 21x27 cm, utgjeve 2009. Utsalspris kr. 298,-.

 

 

image012.jpg

 

  Liste over skipsforlis

    i boka – klikk her

FORLIS OG UTVANDRING

Bind 2B av Vestnorsk kystkultur - øysamfunnet Batalden

 

Boka tek lesaren med på ei reise i tid, der forlis og ulykker står i sentrum. Les om storm og uvêr, framande skip som kom drivande inn frå havet, døde skipsmannskap, kannibalisme, grunnstøytingar og drukning. Og den sterke gleda over å berge nokon frå den sikre død.

 

I siste del av boka får du vere med nokre av emigrantane til Russland, Nord- og Sør-Amerika. Les om folket som reiste ut i ei stor og ukjend verd og deira kamp mot indianarane, grashoppesvermar og Stalin.

 

Smakebitar frå boka (PDF-filar): Forlis klikk her. Utvandring klikk her.

170 foto i svart/kvitt og fargar, nynorsk tekst, 176 sider, bokformat 21x27 cm, utgjeve 2008.

Utsalspris kr. 198,-.     

 

 

image007.jpg


SILD OG POTET – hverdagsliv i et fjordfylke

Boka tar leserne med på en reise til lands og til vanns, med hverdagshelter og et rikholdig fotomateriale som veivisere. Innholdet favner om sorg og glede, om arbeid og fest, og om dramatikk med den barske naturen som kulisse. Hverdagslivet blir skildret fra gammel tid og frem til nå. I første del av boka får leseren innblikk i bonden sitt allsidige liv og virke langs fjorder og i daler opp mot fjellene. Andre del av boka skildrer fiskeren sitt dramatiske liv på havet og i de ytre kyststrøkene.

160 foto i svart/hvitt og farger, bokmål, 144 sider, A4-format, utgitt 2007.

Utsalgspris kr. 148,-.      Klikk her for liste over forhandlere.

 

 

 

 

 

image013.jpg

SURVIVAL The Illustrated History of Everyday Life in the Fjords

Samme innhold som boka over, men med engelsk tekst.  Utsalgspris kr. 148,-.

 

 

 

 

 

image010.jpg

FISKERI

Bind 2A av Vestnorsk kystkultur - øysamfunnet Batalden
 

Boka gjev ein populær framstilling av vestnorsk fiskerihistorie. Fisket skildrast frå dei eldste tider og fram til i dag, delvis i generelle vendingar og delvis ved å følgje menneska i Batalden og deira virke på sjøen med båtar og bruk under varierande tilhøve. Rikhaldig fotomateriale.

Det er både norsk og engelsk tekst til kvart foto, dessutan engelsk samandrag etter kvart kapittel.

160 foto i svart/kvitt og fargar, nynorsk tekst, 192 sider, bokformat 21x27 cm, utgjeve 2006.

Utsalspris kr. 198,-.

 

 

 

 

 

http://www.stromgren.no/publishing/omslag.jpg

NATUR, BUSETNAD OG LEVESETT

Bind 1 av Vestnorsk kystkultur - øysamfunnet Batalden

Boka skildrar liv og virke i et typisk vestnorsk øysamfunn, Batalden utanfor Florø. Lesaren får blant anna innblikk i natur og geologi, kvardag og fest, fødsel og død, og arbeid på sjø og land. Rikhaldig fotomateriale.

Det er både norsk og engelsk tekst til kvart foto, dessutan engelsk samandrag etter kvart kapittel.

160 foto i svart/kvitt og fargar, nynorsk tekst, 176 sider, bokformat 21x27 cm, utgjeve 2004.

Utseld  som enkeltbok, men dei siste få eksemplara seljast kun i samlepakke. Sjå under.

 

 

 

Vestnorsk kystkultur – samlepakke med alle fire binda

 

Pakkepris kr. 750,-. Spar kr. 142,-.

 

image016.jpg

image018.jpg

image020.jpg

image022.jpg

 

Skildrar livet i

eit øysamfunn.

 

Vestnorsk

fiskerihistorie.

 

Dramatikk, forlis

og utvandring.

 

Hovudtema

andre verdskrigen.