|
|
Bøker frå Stromgren Publishing – Noregs
vestlegaste forlag |
|||||
|
Alle bøker er skrivne av Trond Strømgren, Batalden.
For
bestilling klikk her. |
||||||
|
FANTASTISKE FLORØ
Praktboka FANTASTISKE FLORØ er laga som ein hyllest
til byen som vart 150 år i 2010. La deg gripe av store foto og korte tekstar,
uventa historier og lokale heltar. Her finn du stor spennvidde og mykje
spanande stoff, frå gamle dagar til moderne tid, om barn og vaksne, frå
teknikk til natur. Boka er laga for å gje deg ei god oppleving. Boka finst også i engelsk utgåve med tittelen FABULOUS FLORØ. 250 foto i svart/kvitt og fargar, nynorsk tekst,
164 sider, bokformat 24x30 cm. Utgjeve 2010. Utsalspris kr. 350,-. |
||||||
|
|
||||||
|
|
FABULOUS FLORØ
Same innhald som boka over, men med engelsk
tekst. Utsalspris kr. 350,-. |
|||||
|
|
||||||
|
|
KULTUR, SAMFUNNSLIV OG
VERDSKRIGANE
Bind 3 av
Vestnorsk kystkultur - øysamfunnet Batalden Les den gripande beretninga
om Karstensen-familien i Batalden. Med sju born i huset skjulte dei i lengre
tid etterretningsagentar på loftet og flyktande motstandsfolk under
kjøkkengolvet. Til slutt måtte dei sjølv rømme til England under dramatiske
omstende. Les også om brønnbåtane som smugla motstandsfolk
frå Bergen, illegale radiostasjonar, angrep på Florø, flystyrt, arrestasjonar
og mykje meir. Første del av boka gjev lesaren innsyn i det
allsidige kultur- og samfunnslivet i øygruppa
Batalden. Over 200 foto, nynorsk tekst, 176 sider, bokformat
21x27 cm, utgjeve 2009. Utsalspris kr. 298,-. |
|||||
|
|
||||||
|
Liste
over skipsforlis
i boka – klikk her |
FORLIS OG UTVANDRING
Bind 2B av Vestnorsk
kystkultur - øysamfunnet Batalden Boka tek lesaren med på ei reise i tid, der forlis
og ulykker står i sentrum. Les om storm og uvêr, framande skip som kom
drivande inn frå havet, døde skipsmannskap, kannibalisme, grunnstøytingar og
drukning. Og den sterke gleda over å berge nokon frå den sikre død. I siste del av boka får du vere med nokre av
emigrantane til Russland, Nord- og Sør-Amerika. Les om folket som reiste ut i
ei stor og ukjend verd og deira kamp mot indianarane, grashoppesvermar og Stalin. Smakebitar frå boka (PDF-filar): Forlis klikk her.
Utvandring klikk her. 170 foto i svart/kvitt og fargar, nynorsk tekst,
176 sider, bokformat 21x27 cm, utgjeve 2008. Utsalspris kr. 198,-. |
|||||
|
|
||||||
|
|
Boka
tar leserne med på en reise til lands og til vanns, med hverdagshelter og et rikholdig
fotomateriale som veivisere. Innholdet favner om sorg og glede, om arbeid og
fest, og om dramatikk med den barske naturen som kulisse. Hverdagslivet blir
skildret fra gammel tid og frem til nå. I første del av boka får leseren
innblikk i bonden sitt allsidige liv og virke langs fjorder og i daler opp
mot fjellene. Andre del av boka skildrer fiskeren sitt dramatiske liv på
havet og i de ytre kyststrøkene. |
|||||
|
|
|
|
|
|||
|
|
SURVIVAL The Illustrated History of
Everyday Life in the Fjords Samme innhold som boka over, men med engelsk tekst. Utsalgspris kr. 148,-. |
|||||
|
|
|
|
|
|||
|
|
FISKERI Bind 2A av
Vestnorsk kystkultur - øysamfunnet Batalden Boka gjev ein populær framstilling av vestnorsk
fiskerihistorie. Fisket skildrast frå dei eldste tider og fram til i dag,
delvis i generelle vendingar og delvis ved å følgje menneska i Batalden og
deira virke på sjøen med båtar og bruk under varierande tilhøve. Rikhaldig
fotomateriale. Utsalspris kr. 198,-. |
|||||
|
|
|
|
|
|||
|
|
NATUR, BUSETNAD OG LEVESETT Bind 1 av Vestnorsk kystkultur - øysamfunnet Batalden Det er både norsk og engelsk tekst til kvart foto,
dessutan engelsk samandrag etter kvart kapittel. Utseld som enkeltbok, men dei siste få
eksemplara seljast kun i samlepakke. Sjå under. |
|||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
Vestnorsk kystkultur – samlepakke med alle fire binda |
||||||||||||
|
|
||||||||||||
|
||||||||||||
|